
Laurdag 21. november kjem Stordingane attende til Vikjoscenen – og då inviterer dei Tedans.
Jakob framfører songar som er kjekke å høyra på og gode å dansa til mellom klokka 12 og 14.
Kom åleine eller med partnar. Nytta høvet til å ta ein flat tango, ein vals, ein reinlender, ein polka, ein samba, ein swing eller ein god, gammaldags slow.
Eit kakestykke og litt drikke høyrer med. Lydnivået tillet deg å ta ein prat ved bordet.
