Kvifor kakemenn?

Kakemenn i fotsid julepynt.

I førlikestillingstida kunne me kjøpa julemenn (julamann) hjå den lokale bakar. Så vart det drøftingar på høgt nivå og det kom kjønnsnøytrale julefigurarar med juleraude strekar på til sals i daglegvarebutikken. Ser du etter denne type bakst i desse dager, finn du kakemenn i fire- eller fempakningar. Men det som skurrar litt med tanke på føregåande ordskifte, er at innhaldet, alså kakemennene i både form og bunad, minner mest om motsette kjønn. Så kvifor ikkje kakedamer, lyd dagens spørsmål.