
Vatn og avløps-sektoren i Stord står føre store investeringar framover, så då utval for byutvikling etter drøfting, sende budsjettet og økonomiplan til endeleg avgjerd i kommunesstyret, var med denne innstillinga:
- Kommunestyret tek budsjettet 2027 frå Stord vatn og avløp AS til vitande
- Kommunestyret godkjenner rammene for investeringar som følgjer:
- 2027: 483,4 mill. kr
- 2028: 558,0 mill. kr
- 2029: 415,7 mill. kr
- 2030: 36,5 mill. kr
- Kommunestyret godkjenner gebyr slik dei er lagt fram i gebyrheftet sitt kapittel 1.1.
- Kommunestyret ber kommunedirektøren og Stord vatn og avløp AS om kontinuerleg å arbeida for å avgrensa gebyrveksten gjennom kostnadseffektive investeringar, vurdering av lengre avskrivingstid for leidningsnettet, og politisk påverknad overfor staten for å sikra statleg medfinansiering av nye og skjerpa miljøkrav.
Punkt 4 vart samrøystes lagt til innstillinga, etter framlegg frå Mohamed Kallel (R).
