Ikkje utviding av Kommune-TV i 2027

(Foto: Stord kommune)

Mellom mange spørsmål til kommunedirektøren sitt budsjettforslag for  komande år,  er også eitt om framtida for  Stord Kommune-TV. Det har kommunedirektøren svart på i skriv sendt dei politiske partia til budsjettmøtet i morgon:

«I kommunestyret 28.11.24 PS 88/24 Årsbudsjett 2025 Verbal pkt. 17 vedtok kommunestyret “Gjera ei vurdering på kva kostnaden er for å oppgradere kommune-TV. Det er viktig med ei løysing som sikrar at kommune-TV er meir driftssikkert enn dagens løysing. Det skal vurderast å leggje til rette for at utvalsmøta òg kan sendast på kommune-TV.

Kor føreligg denne vurderinga, og kva vart kostnaden for å implementere tiltaket med kommune-TV i formannsskap og utvalsmøter?»

Svar:

«Sak om utvida bruk av kommuneTV vart handsama i PS 5/22 av Formannskapet der ein vedtok å utsetje avgjerda. Den gongen vart kostnad med implementering rekna til å vera omlag kr. 325.000. Etter at det kom inn att som verbalpunkt nr. 17 i budsjett 2025 har det vore vurdert i samband med anskaffing og innføring av ny digital møteplattform for politiske møte. Kommunen valde i den saka FirstAgenda Prepare og Agenda Live, med integrasjon mot Aventia TV/Kommune-TV. Løysinga legg til rette for bruk i kommunestyret, formannskapet og politiske utval, men det er førebels ikkje teke stilling til vidare utrulling. Det er ikkje prioritert midlar til utvida bruk av kommune-TV i budsjettframlegget for 2027»