Stordingane inviterer «Tedans» att

Frå Tedans i september (Foto frå arrangøren)

Laurdag 21. november kjem Stordingane attende til Vikjoscenen – og då inviterer dei Tedans.

Jakob framfører songar som er kjekke å høyra på og gode å dansa til mellom klokka 12 og 14.

Kom åleine eller med partnar. Nytta høvet til å ta ein flat tango, ein vals, ein reinlender, ein polka, ein samba, ein swing eller ein god, gammaldags slow.

Eit kakestykke og litt drikke høyrer med. Lydnivået tillet deg å ta ein prat ved bordet.