Ønskjer omregulering av «fiskeplassen»

Sørlegaste neset, bør også bli ein del av industriområdet. (Arkivfoto: Steinar Hystad)  

Stord Hamnesikringskomite viser til tryggleik  og  ferdsel, når det no er sendt innspel til omregulering av friområdet på sørlegaste neset på Sørøya. Då kommunen i si tid gav grønt lys for utviding av  Eldøyane Industriområde vart sørspissen halden att  som  «fiskeplass» ved Bømlafjorden. I åra sidan er  industriaktiviteten auka på Eldøyane og komiteen ønskjer endring, med bakgrunn i omsynet til helse, milø, sikkerheit og hamnesikring.

Dette vil etter Hamnesikringkomiteen si meining…

  • gi betre moglegheiter for nødvendig adgangskontroll og sikring
  • redusere risikoen for at publikum oppheld seg i nærleiken av potensielt farlege industriområde
  • styrkje den samla hamnesikringa og skallsikringa på Eldøyane
  • leggje til rette for framtidig etablering av ei samordna sikringsløysing for hamneterminalane i området
  • bidra til trygg og kontrollert hamnedrift i samsvar med gjeldande krav til hamne- og terminalsikring

Stord Hamnesikringskomité vurderer difor at ei omregulering vil vere det alternativet som best ivaretek omsyna til tryggleik, sikring og framtidig utvikling av Eldøyane som industri- og hamneområde, går det fram av innspelet sendt kommunen.