
Etter at kommunedirektøren la fram budsjettforslaget for 2027, har det frå politisk hald komme ei rekkje spørsmål frå partia. Grundige svar er å finna i eit 12-sidig dokument frå kommunedirektøren. Eitt av dei høgst interessante spørsmåla kjem frå Gaute Epland, Arbeiderpartiet:
Kva vurderer kommunedirektøren er dei største risikoane i budsjett for 2027?
Svaret lyd slik:
«Den største risikoen i budsjettet for 2027 er at me har svært lite økonomisk buffer til å møta nye behov gjennom året, samstundes som budsjettet føreset at me klarar å ta driftskostnadene ytterlegare ned. Me veit at det vil koma nye brukarar, pasientar, lovpålagde oppgåver og andre behov som me ikkje kjenner omfanget av i dag. Nokre få nye ressurskrevjande enkeltsaker 11 kan få stor økonomisk effekt. Samstundes skal me redusera bemanning, vikarbruk og andre driftskostnader. Det gjer budsjettet sårbart dersom innsparingane tek lengre tid enn planlagt, eller tenestebehovet aukar meir enn føresett. Det betyr ikkje at budsjettet ikkje er realistisk, men det krev svært tett økonomistyring, rask omstilling og tydelege prioriteringar gjennom heile 2027. «
Stord kommunestyre har budsjettet til behandling i møtet torsdag 26. november.
