Spør om nye sjukeheimen

Lenge var det planar om utvida sjukeheim i Knutsaåsen – men no er det ny heim med 120 plassar i Tjødnalio som gjeld.

Det renn på med budsjettspørsmål etter at  kommunedirektøren la fram forslag til  pengebruk for 2027. Eks-ordførar Espeland (Ap)  innleiar si spørsmålsrekkje slik:

  1. Kva vurderer kommunedirektøren er dei største risikoane i budsjett for 2027?
  2. I oktober 2024 la kommunedirektøren fram ei sak der Multiconsult kalkulerte pris for ny sjukeheim med 110 plassar til 1,03 mrd. kroner og Knutsaåsen til 678 mill. kr. I framlagt budsjett legg kommunedirektøren imidlertid til grunn at ny sjukeheim med 120 plassar i Tjødnalio vil kosta 1,08 mrd. kroner og tidl. planlagt utviding på Knutsaåsen vil kosta over 800 mill. kr. Kva byggjer det på?
  3. Det er lagt til grunn 6,1 mill kr i innsparing på ferievikarar som følgje av overgang til årsturnus. Korleis skal det heilt konkret gå føre seg?»

Svar er å venta i kommunestyret sitt budsjettmøte komande vek