
Til møtet i Utval for byutvikling toersdag i veka som var, stilte representanten Karl Nes følgjande spørsmål:
Det er som kjent varsla vegarbeid med lysregulering ved Frugardskrysset, Hystadvegen. Mange i Ådland-området, og sikkert fleire også er urolige for trafikktilhøva i dagens situasjon, før ny bru mot E39 er på plass. Eg ønskjer difor å stille spørsmål til om konsekvensane for dette arbeidet er tilstrekkeleg vurdert og om det er noko som kan gjerast for spre trafikken på ein optimal måte. Har det til dømes vore vurdert å flytte skiltet «gjennomkjøring forbudt» ved Ådlandskrysset nedover mot sjukeshuskrysset, slik at fleire på Ådland kan velje å køyre over Ådland? Dette vil kunne avlaste trafikken mot Frugårdskrysset og Tysevegen. Dette vil truleg ikkje påverke trafikken over Ådland nevneverdig. Ønskjer difor å høyre kva kommunen/vegmyndet meiner om dette?
Nes fekk dette svaret:
Stord vatn og avløp skal gjennomføre naudsynt arbeid i området ved Frugardskrysset. I samband med planlegginga av arbeidet har vegeigar Vestland fylkeskommune for fv. 5050 og fv. 5062 vore i dialog med både Statens vegvesen og AMK-sentralen. På bakgrunn av desse vurderingane er det lagt til grunn at trafikkavvikling med lysregulering i anleggsperioden er forsvarleg, også med omsyn til framkome for naudetatane. Det er forståeleg at innbyggjarar i Ådland-området er uroa for trafikkavviklinga i ein periode der kapasiteten på vegnettet allereie er pressa. Difor har ein også vurdert moglege tiltak for å avlaste trafikken. Forslaget om å flytte skiltet for «gjennomkøyring forbode» slik at fleire kan nytte vegen over Ådland, er mellom alternativa som har vore vurderte. Konklusjonen frå vegfaglege vurderingar er at vegen over Ådland har for smal standard til å handtere auka gjennomgangstrafikk på ein trygg og god måte. Det er vurdert at ulempene ved å opne for meir gjennomkøyring er større enn dei moglege fordelane i form av trafikkavlasting. Dersom trafikkmengda aukar meir enn venta i anleggsperioden, er Vestlivegen vurdert som eit mogleg alternativ for trafikk til og frå Ådland. Sjukehusvegen har og vore vurdert. Om ein skal opne denne vegen må den også lysregulerast da den er for smal til at ein kan ha møtande trafikk på vegen. Kommunen og vegeigar vil følgje situasjonen gjennom anleggsperioden, men på noverande tidspunkt er vurderinga at planlagd trafikkavvikling med lysregulering er den mest forsvarlege løysinga.
