Vil det hjelpa med store askebeger?

Hundrevis av sneipar  pregar  venterområdet  på Snøggbåtterminalen. (Foto: Steinar Hystad)

Ein kan jo ønskja så mykje ein berre orkar, at det skal bli mest mogleg  sigarett-røykefritt rundt oss. Realiteten er framleis ein heilt annan. Tilhøva framom og under ventebenkene for dei som skal med snøggbåtane frå Nattrutekaien, talar sitt tydlelege språk,  såleis.  Kringom på kaien ligg hundrevis av sneipar, med og utan filter.  Ikkje så særleg tiltalande, om me kan seia som sant er.

Spørsmålet blir – Vil det hjelpa med utplassering av større askebeger?