Brua Jektavik-Hodnanes blir tredje lengste i landet

Kanskje det må skrivast 2050 før me kan køyra på desse vegane og over  Nuen på bru?

Når ho kjem på plass, bør det ikkje vera noko som helst slags tvil om at Langenuenbrua vil ruva i lendet. 1,7 kilometer lang, med firefelts køyrebanar pluss gang/sykkelveg, tårn på 223 meter over sjøflata for å få seglingshøgde på 75 meter. Brua blir den tredje lengste av typen hengebru i landet, medan flytebrua på 5,5 kilomter frå Reksteren til Oslandet blir lengste av sitt slag i Europa.  Med Hordfast på plass vil den ferjefrie turen frå  krysset på Ådland til Lagunen gjerast unna på om lag 40 minutt, mot dagens 1 tim og 35 minutt. 100 km/t er alt vedteken som høgste lovlege fart på nyevegen.

Desse fakta, supplert med særs interessante animasjonsfilmar om både bruer og vegar, hadde utsendingar frå Statens Vegvesen med seg til folkemøtet i Stord Kulturhus tysdag kveld. Kor mange av dei littt i underkant av 100 frammøtte som får nytte av  Hordfast, er nok noko usikkert. For som prosjektleiar Henry Damman sa, tek vegbygging tid. Lang tid. Kjem Hordfast med i neste planperiode, kan kanskje 2050 vera året ein kan køyra ferjefritt mellom Bergen og Stavanger. Dersom då sentrale politikarar vil.

Alt i 2013 vart det vedteke å satsa alt på midtre trase for Hordlafast.

Ellen Slinde har leia arbeidet med  reguleringsplanen for strekket Ådland – Svegatjønn (Stord – Os), som ligg ute til offentleg ettersyn fram til 1. oktober. Ho oppmoda folk langs ruta om å koma med  innspel, som skulle bli nøye leste. På vegvesenet sine heimesider er det godt høve til å søka seg fram til detaljar og filmar som viser korleis samferdsleframtida i regionen kan bli. Slinde poengterte at ein i dei oppdaterte planane  hadde teke ekstra godt omsyn til naturverdiane langs Stord austside og over Tysnes og Reksteren.

Då stordordførar Sigbjørn Framnes ønskte velkomen til samlinga, minna han om at eit lokalt næringsliv i omstilling har bede om snøggaste mogleg framdrift i Hordfast-sambandet. God infrastruktur bli no meir enn viktig. Sunnhordlandsrådet er av same meining.