Sykkelbyminne – på hjul

Sykkelbyen Stord – tett og lett, var slagordet den gongen. (Foto: Steinar Hystad)

Sykkelbyen Stord vart trødd i gang med øyremerka fylkeskommuale midlar i 2013. I 2020 trilla ordninga over i soga. Kikkar me innom fjesboka som vart oppretta for sykkelbyen Stord, ser me at nettstaden framleis har 2131 «laiks».

Stord var ein av 23 kommunar i landet som nytte godt av prosjektet, som hadde som mål å leggja til rette for meir sykkelbruk i kvardagen. Motivasjon i så måte, i alle fall for dei som inntok bykjernen frå sør, var eige teljeapparat ved Politi- og Vegvesenbygget på Vabakkjen. Der blir syklande talde framleis, 288 registrerte tysdag. Som eit minne om det offentlege engesjementet, står den spesielle  tilhengaren  som sytte for materielltransport enno ved kontrollstasjonen – på Vabakkjen.