
– No blir det vel også gul stripe i Europaveg 39 langs heile austsida av øya ?
Han viste til pågåande arbeid med utbetring av den krappe svingen i Levåg, stordabuen som på dette viset sa seg glad for oppgraderinga. Når Stordront refererer utsegna til byggjeleiar i vegvesenet, Knut Stian Rimmereid, svarar han kvikt:
– Den gule stripa er vel stort sett alt på plass i E39 over Stord kommune. Men når det gjeld rumlestripa under den gule streken, manglar det enno litt. Difor er rumlene ein del av arbeidet som står att gjennom den nye Levågsvingen. Der vil ein kjenna på at kurvaturen er retta ut, og at vegbanen er heva for å gjera svingen meir trafikksikker. Arbeidet er rekna ferdig litt uti september, seier Rimmereid.
– Har du nye opplysningar om gang- og sykkelstien som framleis manglar mellom Engjavik og Skotet?
– Diverre, det har eg ikkje på noverande tidspunkt.
