
Veglaget Nesjabergvegen har fått opplyst at det i nær framtid startar opp eit omfattande gravearbeid i Fylkesveg 5050 på strekningen frå Turnhallen til Leirvik Bedehus. I den samanheng blir det bede om at det også kjem på plass nye overgangfelt på den sterkt trafikkerte vegen. 6600 bilar passerar per døger viser teljigar. Vegen er skilta for 40 km/t som høgste fart.
I skriv til kommunen er det særleg to overgangar som blir etterlyste: – Ved Dampgården mot Trudvangsmauet og i Muren. Så langt er desse ønskja blitt avviste, med grunngjeving om at det ikkje har vore ulukker på stadane.
– At me må venta med fleire overgangar til nokon bli påkøyrde, verkar brutalt på meg, heiter det i hjartesukket frå brevskrivaren.
Kommunen har merka seg innspela, men viser i saka vidare til Vestland fylkeskommune som ansvarleg vegeigar.
