Historisk stad ingen lenger ser

Ikkje  tufter etter gamle byningar å sjå her. (Foto: Steinar Hystad)

«Her på Gildeskålbakken ser me tuftene etter ein bygning. Namnet og plasseringa tyder på at det har stått eit gildehus her, då Gildehusa ofte låg nær kyrkjestader.  Gilda kom til i byrjinga av mellomalderen, men i Noreg kan ordninga ha røter frå førkristen tid. Eit gilde var ei foreining der folk slutta seg saman for å fremja felles interesser og der medlemane  hadde gjensidig plikt til å hjelpa kvarandre i krisar. Det sosiale var og viktig. Gilda hadde dessutan ein relegiøs funksjon og vart difor avskaffa ved reformasjonen. «Skål» er ei gamal nemning som betyr «sal» eller stort hus.»

Sitatet er henta frå informasjonstavla som står ved Gildeskålbakken ved Frugardselva, nokre  timetrar oppfor Møllebrua.  Men her er ein feil, og den er i stad vekst: – Nemleg vegetasjonen som gjer at ingen tufter etter  gildehuset er å sjå. Berre buskar og tre. Stordtont er beden påpeika dette frå turfolk som brukar den flotte grusvegen langs  vassdraget til rekreasjon og trim.  Stord kommune og Hordaland Fylkes har signert informasjonen  på tavla, og er såleis saman om oppsettet, og vonleg også saman om vedlikehaldet av Gildeskålbakken.

Eit tips til måte å halda attraksjonen vedlike, kan vera å engasjera ein skule til å ta seg av  rydjejobben.  Det vart gjort for ein del år sidan, med suksess, etter det me hugsar.