
Biltrafikken over Jektavik aukar til både Hodnanes og Huglo, medan ventefilen er som dei har vore sidan kaien vart fornya og ferja kunne leggja til «på langs». Seks filer totalt, fem til Tysnes ei til Huglo. Ratt ofte er det så mange som skal til Huglo, at sjåførar på «låna» seg plass i femte hodnanesfila. Å strekkja køen bak oppmerka felt, førere til vegsperring for bussen og andre.
Ved 15.45-avgangen torsdag 20. august, var det alt 10 minuttar før ferja skulle gå, fullt i tre av tysnesfilene og i den eine til Huglo. Det seig på med fleire biler og fjerde tysnesfila vart full, samstundes som huglareisande gjorde som dei er blitt vane med – køyrde inn i hodnanesfila. Det same gjorde sist tilkomne tysnesbilar, og brått vart det litt kluss og blanding i stuinga på det fullpakka ferjedekket. Ved ilandkøyring måtte ein bil «lirkast» ut av hularekkja – før ferja sette kurs sørover Nuen.
Faktum, er det på høga tid femte hodnanesskiltet blir byta ut med eit andre skilt for Nordhuglo. Det vil gje meir orden i venterekkene.
