«Elg i sportsvogn» – attegløymsla?

Han er der enno, elgen ufor Osvald Pub. (Foto: Steinar Hystad)

«Elg i solnedgang», og ikkje minst Oddvar Thorsheim sitt måleri «Elg PÅ solnedgang», er kunstverk me kjenner. Og elg veit me er store dyr – så difor blir «Elg i sportsvogn» litt spesielt. Fleire enn Stordront.no sin utegåande har nok merka seg den rolege elgen som vart verande att åleine i vogna si utfor Osvald Pub, etter den storslagne boccia-turneringa tidlegare i sommar. Han sit der enno (måndag kveld 24. august) og lurer på om han kjem i hus igjen før kulda sig på.