
Stord Beitelag har siste sesongane gjennomført fleire tiltak for å halda sauene lenger i den lokale fjellheimen og ikkje trekkjer ned i låglandet og ut på E39. Tidlegare var det ikkje heilt uvanleg å møta på saueflokkar nord på Grov og ved Rygg på europavegen. Då følgde dyra skogsvegane nedover, no er desse stengde med gjerde, grindar og elektrisk ferist. Siste to åra har 12 utplasserte saltsteinsautomatar rundt i beitelandet vist seg godt effektive i jobben med å halda sauene lenger til fjells.
– Salt et eit viktig mineral for dyra, og når dei no skjønar at tilgangen er sikra i automatane, blir dei meir stadbundne i høgda og treng ikkje jaga nedover i von om å finna restar av vinterstrøinga langs europavegen. Også hjorten treng salt, som han gjerne finn ved vegane våre og såleis lever farleg i periodar av året, seier Tore Atle Sørheim, leiar i det lokale beitelaget.
