
Stordront.no har to gonger (så langt) røvd å tipsa «rette instans» om eit veglys i Rundingen på Sunnhordlandskaien som ser ut til å ha fått seg ein smell. Resultatet av smellen er at lyskuppelen har kome på sida av runkøyrsla der ingen ferdast, i tillegg til at sjølve masta er slått skeiv. Sjølvsagt har nettstaden lurt på årsaka til at det sentralt plasserte gatelyset i regionshovudstaden Leirvik har fått stå ubeint fleire månader, og etter kvart trur me svaret er funne.
Etter sjekk av tilgjengeleg kartinformasjon, kan det opplysast at eigar- og ansvarstilhøva i området er litt spesielle. Følg med no:
Den kommunale Hamnegata tek til frå rundkøyringa nede i Vikabrekko, går gjennom rundkøyringa ved Trollkrabben og utover Skotaberg. Den andre «armen» frå Rundkøyringa ved Trollkrabben heiter Sunnhordlandsskaien, og strekkjer seg til Rondingen, som vikafolket seier, og rundt denne. Denne armen er det fylkeskommunen som eig og driftar, og det er her det skeive lyset står.
Armane ut frå Rondingen – mot Ventekaien/bussterminalen, mot Nattrutekaien, mot Torgbakken og mot Osen – er alle kommunale vegar.
