
Med fem motorar i gang samstundes, serverte Stord Maritime Museum eit herleg «lurveleven» av godlyd ved Karmsundet denne helga. For fjerde gong sende museet på Nattrutekaien mannskap og maskinar til aktiv deltaking i Hamnedagane i haugesund . Av dei mange tusen som vandra kailangs, stoppa hundrevis opp for å lytta når den gamle «Hein», og dei andre veteranmotorane fekk sving på svinghjula og slapp frå seg både røykringar og muntre titte «slag».
