
Gjest i Leirvik hamn kontakta hamnekontoret då det vart oppdaga «oljefilm» ved kaiane. Det vart spurt kva hamnestellet gjer når det blir tipsa om oljesøl. Her er svaret:
– Slike små utslepp er ei utfordring for oss i HAMN også. Ofte er dette ein tynn film som oppstår om det blir søl av diesel eller bensin ved fylling av drivstofftank, eller ved lensing av botnvatn i fritidsbåtar. Me i HAMN rykker ut på slike oppdrag, men det er ikkje ofte me finn årsaka. Og ikkje sjeldan er filmen forsvunnen når me kjem til staden».
