Vått og småsurt – og færre gjestebåtar

Er det skyfritt, badar gjestehamna i sol frå grytidleg morgon til seine kvelden. 19.juli 2026 var ein bra dag. (Foto: Steinar Hystad)

I utgangpunktet er Leirvik gjestehamn i Evjo ein stad for sol frå tidleg oppgang til sein nedgang, men då må veret spela på lag og skyer og regn halda seg vekke. Slik blei ikkje sommaren 2026, og det vil me tru er sterkt medverkande til nedgang i besøket i høve til fjoråret.

På hamnekontoret viser tal for ovenattingar ved bryggjene i gjestehamna inst i Leirvik 1680 så langt i år (13. august), mot 1981 i same periode i fjor. For Sagvåg gjestehamn viser tala 133 så langt i år, mot 152 ovenattingar per same augustdato førre året.