
To utsendingar frå Utrykkingspolitiet sjekka førarkort og tok promilletest med blåserøyr hjå sjåførar i ventefilene på Sandvikvåg onsdag i middagstida. Dette galdt både personbilar og lange trailerar.
– Akkurat det med lengda på dei lengste droningane, vart forklart å vera ei viktig årsak til at UP har valt ferjekaiar som testarena. Ein del trailerar er rett og slett blitt for lange til å stoppast langs vegane og vinkast inn i busslommer.
Tonen mellom UP og sjåførane verka lett og god og blåserøyrert vart overrekt som eit minne om dagen.
