Ser ikkje så bra ut…

Minnesmerket må ikkje bli tilgrodd. (Foto: Steinar Hystad)

Eit tips her, til rette vedkomande om at det bør stellast kring minne-støtta i nordre Kaisving, for dei som sette livet til då nattruta
«Austri» vart bomba og sokk ved Eldøyane i andre verdskrigen. Det er trong for både fjerninga av vekstar og planting av nye blomar.

I den vesle parken med det offisielle namnet Baard Hauglands plass, har det vakse særs godt denne sommaren. Den staslege steinmuren som vart klypt fram i dagen tidlegare på året og snart igjen tilgodd. Det var kjekkare når me kunne sjå muren.