30 år med sjølvbygd stolt seglskute

Litt av ei skute – med 16 meter høg mast, ei furu frå Enes. (Foto: Steinar Hystad)

Kva gjorde møbelsnikkar ved Sortland Møbelfabrikk,  Roald Hvidsten med draumen om ein gong å segla si eigen ekte Colin Archer – skøyte?

Jo, han tinga teikningar, kjøpte material som trongst og skaffa seg byggjeplass på historisk skipsbyggjargrunn i Røsbøvikjo på Huglo. Så brukte han 6000 – sekstusen –  fritidstimar dei komande seks åra og bygde båten sjølve. 17. juni 1996 kunne «Eide Lift»  løfta det rundt 30 tonn tunge kunstverket frå stranda og setja skuta på sjøen.  Ein fin  flokk tilskuarar applauderte storhendinga. 47 fotaren vart døypt  «Sunniva»

Marta og Roald Hvidsten har vore mange langturar med «Sunniva». (Foto: Steinar Hystad)

30 år er gått, og den sjølvbygde Colin Archer’en held seg like flott. Det kunne forbipasserande sjå nokre dagar sist veke då Marta og Roald Hvidsten la årets tur innom gjestehamna i Evjo.  Fire veker hadde dei segla langs sørlege del av kysten vår og opp til Oslo.  Strekket frå Kristiansand til Leirvik via Utsira gjekk på to dagar, med  frisk medbør og rundt åtte knops fart. Opp og ned med segla er reint muskelarbeid om bord.

Ein ekte Colin Archer. (Foto: Steinar Hystad)

Tidlegare år har «Sunniva» heist segla mot  Nord-Noreg, over Nordsjøen til  Shetland og Orknøyane, Skotland og Irland.  I Sverige har mellom anna Gøtakanalen hatt besøk av seglarane  som har hatt Radøy som heimstad  sidan 2007. Der har det gått i jobb  som lærar og sauebonde.

Faksimile frå Sunnhordland 19.juni 1996.