Slik skal det gjerast

Landøyda skal dragast opp med røtene og leggjast i rest-sekken. (Foto: Steinar Hystad)

Landøyda viser styrke og blir stadig flerie langs vegane våre. Veksten med den gule blomen ordnar speiinga sjølve og bryr «seg katten» i at han i røynda er uønska i naturen vår, giftig som han er. Difor er det viktig at me går saman om å fjerning, men då må det skje på rette måten. Eit glimrande døme stod ved fylkesvegen på Huglo nyleg. Landøyda var riven opp med rota og pakka i ein rest-sekk. Blir veksten lagt i biodunken kan me risikera at han blir kverna i biomassen og endar i hagen til den som kjøper mold.