Vårt eige Himmelberg!

Himmelberget – med Leirvik skule til høgre. (Foto: Steinar Hystad)

Truleg ville storparten av oss gjort som deltakaren i ei spørjetevling gjorde – då han svara stadfestande at Himmelbjerget er det høgaste av fjella/åsane i Danmark. For der tek me feil, sidan Møllehøj er høgaste med 170,86 moh. Himmelbjerget må med sine 147,73 meter over havet ta til takke med fjerdeplass i det flate landet når det gjeld å strekkja seg mot skyene.

Men visstr du at Stord har sitt eige Himmelberg?

Det er toppen du finn på toppen av Vikabrekko, mellom Vikastemmo og Ve’asletto, litt vest for Leirvik skule. Sjølv om det ikkje er så høgt over Vikafle, er det rimeleg bratt å ta seg til topps – så kanskje det er difor namnet er blitt Himmelberget, på folkemunne.

Stordront.no har søkt på alle sin kart, utan å finna Himmelberget nedskrive.

Me tek gjerne imot kommentar – send til tips@stordront.no