Så mykje regn at det blei to…

Like godt i to versjonar, samstundes. (Foto: Steinar Hystad)

Frå grytidleg morgon og like fram til klokka 20.01 søndag, var det ikkje anna å sjå utfor stoveglaset enn regn og atter regn. Men nett då klokka passerte tjue, letta det såpass at regnbogen fann det passande å visa fargeprakta si. Og det i to versjonar samstundes. Bogane steig til vers frå området Aslaksvikjo.

«Ein regnboge kjem når sollyset skin gjennom regndropar i lufta. For at du skal sjå han, må sola vere i ryggen din og regnet framfor deg. Lyset blir delt opp i ulike fargar når det går gjennom vatnet», oppsummerer Wikipedia.

Kjem du i hug namnet ROGGBIF når regnbogen lyser, er det ei stadfesting på at du kjenner fargane (frå ytterst til innerst): raud, oransje, gul, grøn, blå, indigo og fiolett.