Var ein gong fast nattgjest

Flott båt framleis, «Rogaland» anno 1929. (Foto: Steinar Hystad)

Veteranskipet «Rogaland» var på godt kjende trakter, då det låg ei natt ved Ventekaien i Leirvik på veg til Nordsteam-festivalen i Bergen. Det flotte kombinerte laste- og passasjerskipet vart sett i rute 1929, og gjekk då i kystruta frå Sandnes/Stavanger til Oslo, men hadde også eit lengre opphald i Nattruta mellom Bergen og Stavanger. Då med fast stopp mellom anna ved
Nattrutekaien på Vikjo. Klokka 0200 på veg sør, klokka 0400 på veg nord.

Stavangerske Dampskipsselskap eigde og dreiv «Rogaland» i rutefarten fram til midt på 1960-talet. Seinare vart fartyet arbeidsbåt i Sverige – før entusiastar og gode vener kjøpte «Rogaland» heim att i 1986. I 2014 fekk veteranen fredingsstempelet av Riksantikvaren. Siste åra har frivillige stått for drift og vedlikehald med ei stifting som eigar.

Om «Rogaland» har vore med og sett namnet på brygga han i farne år lenda til i Leirvik, er meir usikkert. Når Stordront spør i kommunen om dei veit kva tid Nattrutekaien vart «døypt», blir svaret at det godt kan vera på slutten av 1800-talet, sidan Nattruta langs kysten vår vart etablert alt i 1892.