Klart for AlleMe!-dagane.

Måndag 10. august vert det på ny full aktivitet med fotball, leik og moro når AlleMe!-dagane rullar i gang att. 

Det er 6. året Solid, Trott og Stord samarbeider og inviterer fotballinteresserte jenter og gutar mellom 6 og 13 år til tre dagar med fotballglede. I år er også Fitjar med i samarbeidet. Arrangørane ventar rundt 300 barn.

Rundt 60 ungdommar frå alle klubbane stillar som instruktørar og får opplæring frå tilsette i Hordaland fotballkrets no på søndag i Solidshuset.

I tillegg stiller Brann i frå Bergen med trenarar som vil hjelpe til.

Deltakarane får servert frukt og sunn og god lunsj kvar dag – og alle får genser og t-skjorte.

Som tidlegare år har ein låg deltakaravgift grunna gode tilskot frå sponsorar og samarbeidspartnarar.