
I løpet av eit par veker i sommar, har Stord kommune motteke tre ønskjer frå innbyggjarar som ber om tiltak for betre trafikktryggleik. Frå Dåfjorden kjem bøn om fartshump/fartsdempar. Frå Nysæter kjem bøn om merka overgangsfelt. Medan den sist innkomne bøna gjeld fortauet frå krysset Rommtveitvegen/Tysevegen og nordover mot skulen, som mange stader er veldig
smalt og i dårleg stand. Bøna gjeld særleg reasfaltering.
Felles svar til alle frå vegmyndet i kommunen, er at det her er ønskje som gjeld betring langs fylkesvegar, og at at bønene difor må sendast til rett adresse (fylkesveg – Vestland fylkeskommune).
