
Opptur, det hyggjelege programmet på NRK radio P1, hadde søndag morgon eit innslag frå eit gardsutsal på Jæren. Lyttarane fekk forståing av at det bugna av ferske grønsaker og bær på salsborda. Gulerøter var det mest populær nett for tida, knasande gode som dei er. Bæra vart bodne fram i både raudt og blått.
– Ja, kvar er det beste bæret, spurde reportarene i kunderekkja.
– Det må bli bringebær, dei må eg har eindel av, sa kjøparen.
Og når det gjeld dei ville bringebæra, som gjerne har ekstra god smak, minner Stordront.no om at du framleis kan nå i ein kilo eller tre av slaget. Litt våte kan dei vera, men får dei ein lett tørk før innfrysing, har du mange dessertar å gleda deg til frametter vinteren.
