Heiarop for stupdykkarane

Det går kvikt, når tedno er på matjakt.

Det vart mange flaksande omgangar for terne-paret rundt Storddøra på Moloen i skumringa onsdag. Og det til store begeistring for eit tilfedig publikum på kveldstur. Å kunne studera terner (tedner) i full fart, som bråstoppar i lufta, tek ein elegant sving og så eit lynkjapt stup etter mat i sjølokalet, har vore sjeldan vare i mange år. Difor var det på sin plass med nokre heiarop i møtet med det raudlisteoppførte fugleslaget. Lette fykarar med snittvekt på 140 gram.

I artsdatabasen er makrellterna klassifisert som sterkt trua i Noreg, i resten av verda klarar ho seg betre, fortel leksika.