
Spesiell aktivitet på Ventekaien i Leirvik onsdag, då både ein større boscontainer og eit sykkelskur vart fjerna. Containeren er sett på lager inn til vidare, medan skuret har fått jobben med å halda syklar tørre for elevar på Rommetveit skule.
Hamnekontoret opplyst at plassen som no blir «til overs» på kaien skal utstyrast med fleire benker og å bli ein grei stad å nyta sjøutsikten frå.
