
Før dei tre husværeblokkene vart bygde i Teinevikjo, på sjøsida av Hamnegata, stod der eit bustadhus. Og nokre tiår før det igjen, fram til utvidinga av strandline og gateløp, stod der også ei kombinert smie og motorverkstad. Malvin Pedersen eigde begge. Han tok etterkvart namneskifte til Stenberg. I verkstaden vart det mellom anna produsert båtmotorar med namnet Solid. Der Oma slipp held til i dag, vart Stord-motoren produsert hjå Gulliksen i Leirvik mek. verkstad.
Då smia og motorverkstaden måtte vekk, kom Norsk Motormuseum i Skånevik på banen. Anlegget ved Teinevikjo vart teke ned og bygt opp att innomhus i det store bygget som hyser Norsk Motormuseum og Skånevik bygdemuseum. Samlingane er imponerande, driven på frivillig basis gjennom ei stifting.
Museet ligg sentralt i Skånevik, og rådet for den som planlegg visitt er enkelt og greit: – sett av nok tid, det er utruleg mykje interessant å sjå. Fram til midt i august er det ope frå tysdag til søndag.

