
På turen opp brattbakken i første del av Sponavikvegen, etter avkøysle frå Hamnegata, låg brått ei avlang plastemballert eske nokså midt i vegbanen.Sjåføren trudde ikkje heilt det han såg, stoppa, trassa regnet, forlet førarsetett og tok oppdaginga i nærare augesyn.
Småpotet stod det å lesa på pakken (kokefaste med koketid ca 10 -15 minutt). Truleg ikkje heilt ferske sidan nokre av dei små hadde fått brodd som tilvekst. Grønsakene må ha falle av varelasset, og vart av finnaren plassert inst på næraste fortau, utav rekkevidde for påkøyrsle.
