
Det er mange musikalske godbitar å finne i Stord Jazzklubb sitt konsertprogram for komande haust. Bergen Big Band med Frode Grytten og TID – Lars Saabye Christensen og Steinar Raknes med band skal på scenen i september. Andre helga i oktober er det duka for Stord Jazzfest med Helge Lien Trio, Bjørn Moe, Horda og Anita Nordheim Blues n’ Groove Company, medan vinteren blir helsa velkommen med Jazz and Flyfishing og Per Mathisen Power Trio.
Det er med andre ord berre å glede seg til svingande tonar på hotellet utover hausten.

