Spesialist på blåskjel

I møtet med betongen opna blåskjelet seg – klart for servering. (Foto: Steinar Hystad)

Kråka bli gjerne omtalt som den klokaste av våre fykande vener. Etter eit imponerande kråkestunt rundt ettermiddagskaffitid måndag, støttar Stordront.no gjerne klok-fugl-påstanden. Følgjande skjedde.

– Opp frå kaikanten fyk ei kråke med eit stort blåskjel i nebbet. Stig snøgt opp til fjerde etasje, sikta seg inn på betongen på Skotabergkaien – og slepp fangsten frå seg. Det høyrest ein lett knuselyd, medan kråka tek seg ein elegant sving og landar presist ved byttet sitt. Båskejlet har i samanstøyten mot betongen opna seg, og det er berre å forsyna seg at ferskmaten. For tryggleiks skuld blir skjela halden i ro m ed eine fotbladet under måltidet.

Ei god slik «tett på naturen» oppleving.