Vardane som trengst er alt bygde

Vardemerking er forbode, står det å lesa på nyaste turskiltet. (Foto: Steinar Hystad)

Øvra Heio er eit populært start- og målpunkt for rundturar i Stordfjellet (Storafjedle’ på godt stordsk). Har du ikkje vore oppom på ei stund, vil du no finna fem nyoppsette turtips med godt kart heilt nederst i Fossabrakko. Det same er kome på plass på parkeringsplassen ved Lundsseter kraftstasjon. Gjort på dugnad av flittige medlemer i DNT Stord – Fitjar.

I fjellet er det montert nye vegvisarar som stadfestar at du held deg til rett rute. Nummererte og godt lagt til rette. Sjølve skilta har masse informasjon og det kan vera lurt å lesa alt saman, og kanskje særleg merka seg meldinga med raud skrift . om at
«Vardebyggging er forbode».

Vidare datagransking av forbodet, fortel mellom anna at «villvarding» kan føra folk på villspor, samstundes som det vert skrive at det som trengst av vardemerking for ein trygg tur alt er gjort.

Så ha god tur i fjellheimen vår. Måndag kveld var det 12-15 bilar å telja på øvre parkeringsplassen på Heio.

Her blir det informert om gode turval i Stordfjellet. (Foto: Steinar Hystad)