
Med 18 mot 15 røyster (Ap, Sv,Sp og R som røysta for eige tilleggsframlegg) gjorde Stord kommunestyre dette vedtaket på møtet torsdag sist veke:
1 Kommunestyret følgjer opp vedtak frå kommunebudsjett 2026 om tilsetjing av miljøterapeutar ved ungdomsskulane i Stord kommune. Miljøterapeutane skal inngå som ein del av laget rundt eleven i tett samarbeid med skule, heim og hjelpetenester.
2. Kommunestyret ønskjer å styrkje det førebyggjande arbeidet og møte utfordringar knytt til m.a.: • vald og trugsmål mot tilsette og elevar • elevmiljø og mobbing • skulefråvær og skulevegring • uro og reguleringsvanskar hos elevar
3. Kommunestyret viser til nye nasjonale faglege føringar og høyringsforslag knytt til førebygging og oppfølging av skulefråvær, der det vert lagt vekt på tidleg innsats, trygg relasjon, tett oppfølging og tverrfagleg samarbeid.
4. Stillinga har miljøterapeutisk og/eller sosialfagleg kompetanse.
5. Kommunestyret ber om at stillingane vert lyst ut med sikte på oppstart hausten 2026. Ein kan nytte andre stillingstitlar, som td Miljørettleiar om ein ser det føremålstenleg.
6. Kommunestyret ber også kommunedirektøren om å vurdera etablering av miljøteam, i samband med den omstillingsprosessen grunnskulen alt er i gong med.
7. Stillingane vert finansiert i samband med 1. budsjettsrevisjon 2026
