
På bussturen nordover øya på E39 held ei hyggjeleg kvinnerøyst passasjerane oppdaterte om kvar neste stopp blir. Røysta omtalar stoppstadane konsekvent som «neste haldeplass». Og Stordront.no sin «rontomkringfarande» vart forviten på kva som ligg i dette ordet.
Wikipediaen er endå ein gong god å ty til.
Haldeplass-tyding og bruk: Stoppestad, særleg for buss eller bane, og stad der ledige drosjar stoppar og ventar på tur.
Skulle du koma i stuss om alternative ord til haldeplass i kryssordet, kan du prøva med busstopp, ståplass, terminal eller busslomme.
