
I eit oppslag på Stord kommune si nettside, levert av organisasjonen Kulturmiljøkompetansen i kommunane i Sunnhordland (KIK), blir det informert om at ting er på gang når det gjeld den verneverdige garden på Søre Tveita, godt synleg frå Langelandsvegen.
«Sunnhordland bygningsvernsenter er ein nyoppretta organisasjon med mål om å styrke kompetansen på tradisjonshandverk og bygningsvern i regionen. Bygningsvernsenteret skal etablerast på den verneverdige garden Søre Tveita på Stord. Restaureringa av garden blir ein del av kurs- og undervisningstilbodet som bygningsvernsenteret vil tilby.
Organisasjonen arbeidar med grunnfinansiering og er førebels avhengig av prosjektmidlar for både drift og restaurering. Arbeid på hovudhuset og restaurering av grunnmuren startar allereie no i vår.
Sunnhordland bygningsvernsenter byggjer på KIK Sunnhordland sitt tidlege arbeid med å utvikle ein modell for eit kompetansesenter for bygningsvern, og er realisert i samarbeid med lokalt initiativ frå tradisjonshandverkarar og andre med engasjement for bygningsvern»
