Blir endå eit nytt snøggbåtskifte

Fjordkatt held ikkje høg nok sunnhordlandsfart, og blir flytta til cruisefart i Oslo. (Foto: Steinar Hystad)

«Fjordkatt», som nyleg vart sett inn i sunnhordlandsrute C, etter «Tranen» som er flytta til Trøndelag, viser seg å ikkje halda tiltenkt fart. Ruta er lagt opp med 35 knop, medan «Fjordkatt» ikkje klarar meir enn 30 knop, noko som medfører at båten er for sein etter tabellen. Straks over påske blir det betring, lover Skyss i brev til Stord kommune.

– Som ei mellombels løysing Norled føreslått å leiga inn MS «Trondheimsfjord 1» (levert ny i 2008). Dette fartøyet er opplyst å kunna gå med 34 knop, og det er grunn til å tru at fartøyet vil løysa utfordringane «Fjordkatt» har hatt med omsyn til punktlegheit. Nyebåten har kapasitet på 130 passasjerer, går det fram av meldinga.

«Trondheimsfjord 1» vert også meldt å vera ein god båt i uroleg farvatn, noko mannskap som henta båten i Trondheim fekk erfara då dei passert Stad-havet på turen sørover. Der var bølgjehøgda opp mot 10 meter. For eit
par dagaar sidan kunne folk rundt Vikafle ta ein studie av erstattaren, som markerte seg med ein lysande blå/grøn farge nedst på skroget. Etter opphald på Oma Slipp vil «Tronheimsfjord 1» segla inn i C-ruta i kjende Norled-fargar.