
Rådhusstrøkekt må vel reknast som sentrum av sentrum i Leirvik, og difor var det med ei kjensle av å skjemmast ikkje så reint lite ein lett tilårskomen vikagut tok på heimveg laurdagskvelden. Det skjedde etter hyggjestund med velsmakande biff på Frugård. Masse folk der og det same på den indiske i «Narvesen-bygget». Begge etablissement i Borggata – som viste seg fram så mørklagd, så mørklagd. Ikkje offentleg lys på Torget, ikkje i anleggslyset ved Rådhuset, ikkje i nedre del av hovudgata og ikkje i området der Torgbakken kjem opp og koplar seg til Borggata. Nokre huslys var alt folk «på by’n» hadde å hjelpa seg med.
– Jo, det går mot lysare tider, men eit bysentrum utan lys i sine viktige lyspunkt er nesten skummelt, og lite å satsa på. Fint om rette instans sjekkar tilhøva, seier Stordront.no.
