
Stordront.no er så heldig å kjenna godtfolk som driv rydding i dei gamle bilet-eskene på «på loftet i kombinasjon med fargelegging via data og kunstig intelligens. Slikt blir det godt sogestoff-av, som blir å sjå på stordront.no i påsken:
Brandasund 1903, står det på postkortet. I den høgst interessante boka frå Ingmund Bjordal og Magnar Kloster, «Posten i Fitjar» , kan me lesa:
«Mellom Gissøy og Selsøy nordvest i Bømlo kommune , ligg Gissøysund eller Brandasund. Namnet Brandasund kjem truleg frå byborgaren Jakob Brandt som busette seg der i 1660 og dreiv handel. Handelsstaden Brandasund ligg på Gissøy på vestsida av sundet. Fram til 01.01.1995 høyrde både Brandasund og øyane på vestsida av Nyleia til Fitjar kommune. Staden fekk vegutløysing sørover til Bømlo 1991. Bygningane er plassert svært tett, på grunn av liten plass, og dannar eit særeige bygningsmiljø.»
