
Kvar dag er det stor trafikk av både gåande og køyrande langs og på FV 544, frå Vabakkjen til krysset ved Backertunet. Og nett den store ferdsla gjer at Stordront.no vågar seg frampå med spørsmål om det skulle vore tatt ned fleire furugreiner langs strekningen. Etter besøk av vinter med tung snø og hissig vind ligg det nokre store greiner langs gangvegen som bevis på at det lurer ein viss fare over denne fylkesvegen. Særleg når ein nærmar seg Vabakkjen står høge furutre og strekkjer lange greiner over vegbanen og fortau, og dermed også over folk og køyrety. Den rake motsetnad til alleen ved Høgskulen på Rommetveit som har besøk av barber og trepleiar til faste
tider.
