
Rydding i «gamle papir» kan gje som resultat at det dukkar fram minnerike postkort; – som dette frå Sagvåg sentrum, Holmen, med Jensanes i bakgrunnen. Stordront-redaksjonen har ikkje alderskvalifikasjonen til å fastslå årstal eller tidbolk. Men ser at nokre av husa langs Sagvågsbrekko (t.v.) er å kjenna att. Ute på «baien» er rutebåten på veg til/frå kai. Tek gjerne imot tips om kva år Fotograf Kannelønning fanga motivet. Fargane er komne på biletet med støtte frå kunstig intelligens (KI), opplyser avsendaren.
