
Mykje å gleda seg over på ettermiddagskonserten i amfiet på Vidaregåande på Saghaugen tysdag. I tillegg til god musikk vart det opplyst at no, etter iherdig jobbing med rekruttering, byrjar det igjen fyllast med unge musikantar i blåsar-rekkene hjå skuekorpsa. Tett på 30 aspirantar er komne til, og har i vinter øvde jamt for sin plass i korpsa, som framover skal vera med på stemne og konkurransar.
Langeland skulekorps hadde æra av å opna konserten, under leiing av dirigent Paul Hughes. Stord skulekorps (tidlegare Leirvik og Hystad) har supplert mannskapet med blåsarar frå tidlegare Rommetveit skulekorps og kunne såleis spandera eit fyldig tonebilete på ivrige lyttarar. Håvard Kroka dirigent – og ikkje så reint lite smilande då han retta eit spesiell takk til dagens vikarierande trommis, Olav Skorpen (78). – Sist han spelte med skulekorpset, var for 70 år sidan, sa Kroka.
Då Stord Musikklag spelte frisk filmmusikk til slutt i konserten, var Skorpen på sin faste plass ved paukene der. Paul Hughes har i mange år dirigert eit betre og betre samspelande Stord musikklag – som det er ei sann glede å lytta til. All applaus, og vel så det, vel fortent.

