Gode råd og tips for seniorar i Stord kommune

Kommuneoverlege Linda Marie Hammersland  kom med god  tips til eigentrening for betre helse. (Foto: Steinar Hystad)

Kommunalsjef innan rehabilitering, helse og omsorg  Anne Karin Fossdal og kommuneoverlege Linda Mari Hammersland,  hadde innspel om auka eigeninnsats for betre helse,  høgt på agendaen då dei gjesta mars-eldretreffet I Huglo bygdehus. 

For – det er ikkje å løyna at terskelen for offentleg hjelp og institusjonsplass ser ut for berre å bli høgare, samstundes som sjukdomsbiletet utviklar seg i meir kompleks retning.  Med der til høyrande
krav om spesialisering  av  helsepersonell. 

Fossdal presenterte innsatstrappa for eldreomsorga i Stord, der ein på nederste trinnet kan ha trong for litt hjelp i kvardagen, når ein er på «toppen»  er det blitt sterk trong for plass på institusjon.  Kommunalsjefen kunne stundevis sakna  eit tilbod neste øverst – ein type gamleheim.

Kommuneoverlege Hammersland   slo eit slag og to for styrketrening for dei som er komne i seniorklassen.  Ein treng ikkje nødvendigvis «pompa jadn», det så mangt anna å driva med til gavn for kropp og sjel.  Kommunen har lagt til rette for øving og trening i ymse fellesskap, og andre ting ein kan finna på  i eigenregi.  Alt mynta på å betra eiga helse. 10. mars var såleis ein merkedag,  då presenterte kommunen  nettsida «Senior i Stord». Her er alt av  gode tips, råd og tilbod for den eldre garde samla.

Torsdag denne veke, 19.mars, inviterer  den kommunale eining for Kultur og Frivillligsentralen  til  «Fritidstreff for seniorar» i Kulturhuset (kl 11-13).  Der blir det informasjon om samfunnsberedskap og eigenberedskap ved
kommuneoverlege  Linda Marie Hammersland og beredskapsrådgjevar Irene Dyrseth. Lag og organiasjonar er tilstades med informasjon, medan Stord Bygdekvinnelag ordnar med kaffi og lappar.