«Stønnekaien»

Omtalt som «stønnekaien» – sidan konstruksjonen slepp frå seg spesielle lydar når det bles litt. (Foto: Steinar Hystad)

I formannskapet vart det vedteke at vesle nyekaien som skal hjelpa cruiseturistar trygt på land i Leirvik, skal bli liggjande ved Nattrutekaien. Endeleg vedtak kom etter at politikarane hadde drøfta forslaget om å flytta den flytande betongplatttingen til Onarheimsparken på Moloen.

Frå lokale brukarar av Nattrutekaien til vandring og andre føremål, sender Stordront.no i dag oppmoding til rette instans om å sjå over, og kanskje smørja utsette deler av tender-kaien, som sjølv i småbølgjer gjev frå seg ganske høglytte syte- og stønnelydar.